
Sykkylven
Overnatting
Om du kjem landevegen eller med båt har Sykkylven fleire gode overnattingstilbod både ved sjøen og på fjellet. Eit godt utgangspunkt for fjordopplevingar og fjellturar i Sunnmørsalpane.
Hotell & hytterHundeidvik Fjord Retreat - Fjord Panorama
Hundeidvik Fjord Retreat er eit eksklusivt fjord-retreat ved innseglinga til Hjørundfjorden, omgitt av fjord, fjell og stillheit. Her bor du tett på naturen, men med komforten, arkitekturen og følelsen av eit moderne boutique-opphald.
Les meir
Hotell & hytterReis hitAursnes Hotell
Eit koseleg bed & breakfast hotell med god standard. Hotellet er lokalisert på Aursneset, ca. 3 km frå Sykkylven sentrum.
Les meir
Hotell & hytterReis hitMonshaugen
Velkomen til eit unikt opphold i ein sjarmerande sveitservilla i Ramstaddal, ei heimekoseleg atmosfære i natuskjønne omgivelsar.
Les meir
Hotell & hytterReis hitAursnes Fjordstuer
Fjordstuene ligg like ved Sykkylven sentrum med ei fantastisk utsikt over fjord og fjell, restaurant like i nærleiken.
Les meir
Hotell & hytterRorbuer på Tandstad
På Tandstad er der 4 fine rorbuer som kan leigast. Landleg og idyllisk plassert midt i mellom Sunnmørsalpane.
Les meir
Bubil & campingReis hitSjøbakken Fjord Camping
Her er oppstilling for bubil- og campingvogn, med servicebygg og kiosk. Lokalisert på Vik, 3 km frå Sykkylven sentrum.
Les meir
Hotell & hytterSel på Hindaholen
På setra kan du overnatte i ei koseleg lita eitt roms hytte. Idyllisk plassert med utgangspunkt for mange fine fjellturar.
Les meir
Hotell & hytterReis hitDNT hytte Velleseter
Frå hytta har du eit fint utgangspunkt for mange fine fjellturar både sommar og vinter. Hytta er lokalisert i Velledalen.
Les meir
Bubil & campingReis hitBubilparkering i Sykkylven Småbåthamn
Fint plassert like ved sentrum, med 12 oppstillingsplassar for bubilar og tilgang til straum, tømmestasjon og servicebygg.
Les meir
Bubil & campingReis hitFjellsetra Bubilparkering
Bubilparkeringa ligg idyllisk plassert midt i hjarte av Sunnmørsalpane, 20 min. frå sentrum. Omkransa av vakker natur.
Les meir
SmåbåthamnerReis hitEkornes Marina
Båthamna ligg nydeleg til ikkje langt i frå Sykkylven sentrum. Ikornnes Friluftsbad med 3 basseng ligg like ved.
Les meir
SmåbåthamnerReis hitSykkylven Småbåthamn
Her er om lag 20 gjesteplassar for båt, med tilgang til servicebygg. Her er du velkomen til eit hyggeleg opphald.
Les meir
Hotell & hytterLudvikbu på Brunstadkollen
Ludvikbu er ei turhytte ved Storevatnet på Brunstadkollen, med tilgang frå Brunstadsætra. Hytta har vedfyring og innlagt straum, og ein kan også leige båt. Kontakt Arnt Brunstad (+47 926 48 130) for leige av hytta og lån av nøkkel. Prisar og tilgjengeligheit er informert om på Facebooksida "Brunstadkollen" (lenke).
Les meir
Regionen
Utforsk Sunnmøre
I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.
