Innfallsporten til Sunnmørsalpane

«Sykkylven er kanskje det vakreste av alle Sunnmøres landskaper. Hva som betinger dette, er ikke noe enkelt – ikke fjorden – ikke fjellene, ikke breene, ikke dalen,- men alt dette i forening, den harmoniske blanding av det storartede med det smilende».

Kristofer Randers, poet og tindebestiger i turboka Sunnmøre (1890)

Aktivitetskalender

Kva skjer?

Sommar som vinter kan du delta på ulike arrangement i Sykkylven, alt frå lesestund for dei minste på biblioteket til actionfylt Jibbecamp på Fjellsætra. Bli med på det som skjer!

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Hundeidvik klatrepark
Anna
27.7.24 15:30
-
27.7.24
Hundeidvik

Klatrepark med barnas bondegard, elektriske traktorar, gullgraving, motoriserte lastebilar, gravemaskiner, crosskart, grilling m.m.

Hundeidvik klatrepark
Anna
28.7.24 15:30
-
28.7.24
Hundeidvik

Klatrepark med barnas bondegard, elektriske traktorar, gullgraving, motoriserte lastebilar, gravemaskiner, crosskart, grilling m.m.

Hundeidvik klatrepark
Anna
31.7.24 15:30
-
31.7.24
Hundeidvik

Klatrepark med barnas bondegard, elektriske traktorar, gullgraving, motoriserte lastebilar, gravemaskiner, crosskart, grilling m.m.

Hundeidvik klatrepark
Anna
3.8.24 15:30
-
3.8.24
Hundeidvik

Klatrepark med barnas bondegard, elektriske traktorar, gullgraving, motoriserte lastebilar, gravemaskiner, crosskart, grilling m.m.

Forteljingane om oss

Det er mykje vi kan fortelje om Sykkylven. Landskapet og folka kan opne opp forteljingar om notida, fortida og framtida. Sjå kva som formar Sykkylven til det vi er, her.

1

Fjellriket

fjellriket

velkomen inn i fjellriket

Sykkylven er utgangspunkt for mange fjellturar i Sunnmørsalpane. Karakteristiske Straumshornet (976 moh) ser du allereie på ferja på veg frå Ålesund. Råna (1586 moh) er vår høgaste fjelltopp. Frå Brunstad i Velledalen går det sti til Slogen (1564 moh) i Ørsta, også kalt «Sunnmørsdronninga».

2

Industrieventyret

industrieventyret

Møbelhovudstad og teknologisenter

Over hundre møbelfabrikkar voks fram i kjellerlokale og enkle fabrikk-bygningar før og etter 2. verdskrig, og vart etterkvart ei viktig næring i landbruksbygda Sykkylven. Handverk og industriproduksjon fekk sitt gjennombrot i 1929, og på 40- og 50-talet var det godt og vel 120 møbel-bedrifter her. I dag er Ekornes den største møbelprodusenten i Norden, og kan produsere heile 1700 Stresslessar på éin dag med høg grad av robotisering. Bli med på ei historisk reise på Møbelmuseet, eller sjå møbelkunst på Galleri Cylindra.

3

Grendeperlene

grendeperlene

Små grender, store opplevingar

I Hundeidvik finn du klatrepark for dei minste og ei innandørs klatrevegg. Eller kva med ein dukkert i oppvarma friluftsbad på Ikornnes? I Tusvika kan du sjå Peder Opsvik sine kunstmøblar, eller du kan freiste fiskelykka frå kaia og besøke landhandlaren i Ramstaddalen. I Velledalen kan du spele disc-golf under høge snøkledde tindar. Fjellsetra er utgangspunkt for fine fjellturar, sommar som vinter.

4

Sykkylven sentrum

sykkylven sentrum

Koseleg handlegate

Sykkylven sentrum, Aure, har fleire nisjebutikkar for kle- og mote, sportsbutikkar, byggevarer, interiør, glas- og steintøy, vinmonopol, apotek, frisørar mm. - alt i gangavstand som i eit frilufts-kjøpesenter. Kanskje det kan freiste med ei pause i Kyrkjeparken, på ein kafé eller biblioteket?

5

Fjellsætra

fjellsætra

fjellsætra

Eit populært rekreasjonsområde kun 20 minutter biltur frå Sykkylven og Stranda, med 700 hytter rundt Nysætervatnet midt i Sunnmørsalpane. Fine turmoglegheiter sommar som vinter, med Sunnmørsalpane Skiarena for alpinistar, turgåarar og topptur entusiastar. Nærbutikk i Velledalen nås på knappe 10 minutter.

Utforsk Sunnmøre

I hjartet av Sunnmøre ligg Sykkylven. Hundeidvik ligg i innløpet til Hjørundfjorden og herifrå kan du ta ferja til Standal og vidare til veglause Trandal. Vi kan anbefale eit besøk på idylliske Christian Gaard Bygdetun kor dei har både blues-, rock- og countryfestival kvar sommar. Frå Sykkylven kan du mellom anna ta dagsturar til Geiranger i Stranda, Trollstigen i Rauma, Tafjordfjella i Fjord, Runde i Herøy og jugendbyen Ålesund.