Sykkelruter
I Sykkylven er det fint å sykle. Om det er offroad frå fjell til fjord, langs fine fjellvatn, langs fjorden eller på pumptrackbana — her finst ei rute for alle.

Foto · Eldar Høidal 
Foto · Eldar Høidal
Sommaren 2023 fekk Sykkylven vist seg fram frå si beste side på NRK Sykkelsommer. Det er ikkje kvar dag syklistar vert ønskja velkommen til eit storslått sunnmørsk kakebord — men du vil sjå at her er fint å sykle. Sjølvsagt: sykkel i Sykkylven rimar jo.
Med landevegssykkel eller offroad finn du fleire alternativ til dømes på Bikemap. Appar som Strava viser både lengde og høgdeprofilar på innlagde ruter. Eldsjeler i Sykkylven sykkelklubb har laga pumptrackbaner, rydda skogsløyper og arrangerer ritt for både store og små.
Kombiner gjerne ein sykkeltur i Sykkylven med ei ferjetur over fjorden og eit enda større mangfald av turmoglegheiter — til dømes ein sykkeltur innover Hjørundfjorden.