Fjordopplevingar
Om du likar deg over eller under vasskorpa er det fleire alternativ for deg i Sykkylven. Strandliv, padletur eller båtliv i hamna.

Foto · Åsne Folstad 
Foto · Åsne Folstad
Sykkylvsfjorden er ein del av Storfjorden som går frå Ålesund og heilt inn til Tafjord og Geiranger. Hjørundfjorden, med innløp midt i mellom Sykkylven og Ørsta, er også ein fjordarm av Storfjorden.
Om du likar deg over eller under vasskorpa er sommaren på fjorden forfriskande. Etter ein dukkert i sjøen kan du på ein kaldversdag få varmen igjen i Fjølg Sauna i Sykkylven Småbåthamn. Haugneset er den offentlege badestranda nær sentrum, rett nedom Sjøbakken Fjordcamping. Om du likar varmare badevatn, anbefaler vi Ikornnes Friluftsbad.
På eiga kjøl, med padleåre, segl eller motor kan du kombinere sjøliv med fjellturar og andre opplevingar i dei to gjestehamnane våre. Men hugs — straumen i fjorden og vinden frå dei høge fjella krev at du held auge med tilhøva.
FLEIRE TURMÅL
Ved fjorden
Strandliv, padling, sauna og turar langs sjøkanten.
AktivitetarHundeidvik Familiepark
Aktivitetar for store og små, frå 2 år. Her finn du Barnas bondegård, elektriske lastebilar og traktorar, gravemaskiner og meir.
Les meir
AktivitetarTare Minigolf i Hundeidvik
I Hundeidvik finn du Noregs nest største Minigolfanlegg, ved Hundeidvik klatrepark.
Les meir
AktivitetarIkornnes friluftsbad
Besøk Ikornnes friluftsbad for sommaridyll i sjøkanten, med oppvarma basseng og utsikt over Sykkylvsfjorden!
Les meir
AktivitetarGjensidige hallen
Klatrevegg, buldrevegg, squash hall, trimrom og fotballbane. Ope heile døgnet og sjølvbetjent.
Les meir
AktivitetarFjølg sauna
Nyt den fine utsikta med gode vener. Ta eit forfriskande bad i sjøen etter ein dag i fjellet, og finn roa i varmen frå saunaen.
Les meir
AktivitetarHaugneset badestrand
Nyt varme sommardagar i populære Haugnesbukta! Familievennleg, kvit badestrand med skjellsand og tilgang til toalett.
Les meir