Fjellturar
Ettermiddagstur, lengre fottur, tinderangel frå topp til topp eller ein overgangstur frå dal til dal. Her er moglegheitene mange — sommar som vinter.

Foto · Per Magne Drotninghaug 
Foto · Åsne Folstad
Om du ikkje er høgderedd og har god balanse er ein fottur opp til Straumshornet ikkje særleg krevjande. Det er ein relativt kort tur, med god utsikt over fjord og fjell. Dravlausegga som ligg rett bakom er også ein luftig tur, litt lengre og fantastisk fin å gå.
Med laus hælbinding er skituralternativa nesten ubegrensa. Auskjeret og Langfjella på Fjellsetra er mykje besøkt. Langrennsløyper finn du rundt Nysætervatnet på Fjellsetra, Sessvatnet på Ikornnes eller Vassætra opp råsene frå Fauske eller langs grusvegen opp frå Hjellane.
FLEIRE TURMÅL
Opplevingar i området
Eit utval av opplevingar du kan ta med på fjelltur eller som dagstur.
AktivitetarLeikerom på Pizzabakeren
På Pizzabakeren i Sykkylven finst eit svært populært leikerom, til stor glede for dei yngre pizzaglade gjestane.
Les meir
AktivitetarDiscgolf i Velledalen
Frisbeegolf har blitt veldig populært for både ungdom og vaksne, med appen UDisc.
Les meir
AktivitetarDiscgolf på Slettegjerde
Ved Slettegjerde stadion i Straumgjerde kan du finne ei discgolf øvingsbane med 6 korger.
Les meir
AktivitetarFjølg sauna
Nyt den fine utsikta med gode vener. Ta eit forfriskande bad i sjøen etter ein dag i fjellet, og finn roa i varmen frå saunaen.
Les meir
AktivitetarVelledalen symjehall
Symjehallen byr på oppvarma basseng, badstue, kaffe og saft, og er open haust, vinter og vår.
Les meir
AktivitetarFjellturar i Søvikdal og Ramstaddal
I Søvikdal og Ramstaddal ligg alt til rette for fine fjellturar i merka råser, med flott utsikt utover Storfjorden.
Les meir