
Aktivitet
Fjordcruise til Sykkylven
På tur til Sykkylven kan du vere så heldig å få oppleve eit fjordcruise med ferje frå Magerholm.
På tur til Sykkylven kan du vere så heldig å få oppleve eit fjordcruise med ferje frå Magerholm. Om ferjeturen ikkje er kvardagskost for deg, har du noko å sjå fram til. Kjøp deg ei svele i den sjølvbetjente kiosken og ta turen opp på dekk for å nyte utsikta med vinden i håret!


