Sunnmørsalpane Skiarena

Nysætervegen

På Fjellseter i Sykkylven finn du vårt alpinanlegg i eit naturskjønt område, med eit komplett familietilbod. Skiarenaen har 14 alpintrasear, 35 km med oppkjørte langrennsspor, og flotte områder for snøbrett og leik i snøen. Varmestue, restaurant, skiutleige og 5 heiser. Som en del av den storslåtte naturen på Sunnmøre, byr kanskje Fjellseter på den vakraste og mest tilrettelagte naturopplevinga av dei alle. Her kan du boltre deg i rikt monn av det beste Sunnmøre har å by på!

Langrennsturar

Appelsinhaugen (6,01 km t/r) på Fjellsetra er ein spennande skitur både for familiar og andre, det er og ein fin treningstur for vidarekomne, her vil du finne lett kupert terreng, der det er gode spor og ein utmerka plass å renne. Parkeringa finn du rett nedanfor skitrekket, her i frå følgjer du berre oppkøyrt løype videre austover langs Nysætervatnet. Når du møter på ein lang og rett motbakke følgjer du sporet til høgre det viser veg til Appelsinhaugen.

Fjellseterrunden (8,6 km) på Fjellsetra er ein flott tur der du får nyte naturen til det fulle, fine oppkøyrte lanngrennsløyper, turen startar ved parkeingsplassen på Fjellsetra.

Barnas Fjellseterrunde (3,6 km) på Fjellsetra er ein enkel men flott tur.

Fjellseter lysløype (3,1 km).

Storehaugen (1,7 km).

Stigelia (0,3 km).

Nøkkane, Håkon løypa (4,2 km).

Turkart her