Blakstad Gard

Ikornnes

Blakstad Gard er ein besøksgard, og dei inviterar små og store til gardsbesøk. Her får du oppleve ein nydeleg natur med mange forskjellige dyr og fuglar. Du kan få ri på hest eller ta deg ein tur i smia å prøve deg som smed, du kan og teste kor treffsikker du er på bogeskyting. Er du av dei historieinteresserte er der ei grav nede ved sjøen frå vikingtida. Du kan også få vere med på fôringsrunden om morgonen.

I den koselege låven ligg alt til rette for at du kan kose deg med vaflar, kaker, pølser, kaffi og brus. 

Velkomen skal du vere til eit hyggeleg gardsbesøk!

Opent kvar søndag 12.00 -16.00

Adr: Sørestrandvegen 1009, Ikornnes, Sykkylven

Pris:
Familie: 320 kr
Enkel: 90 kr
Born under 2 år: gratis