Som ambassadør for ein fleire tusen år gamal kulturskatt vil eg vise kor mangfaldig og fasettrikt øl eigentleg er, som er mykje meir enn ein tørstedrikk. Eg er utdanna Diplom ølsommelier ved Doemens akademiet i München Tyskland og ved Ølkulturhus i Obertrum Austerrike. Den begeistringa eg har for øl vil eg gjerne gje vidare. Ølbrygging er for alle, både for uerfarne og dei som driv med mikrobiologi og brygger på eit høgare nivå. Brygging av øl er både morosamt og lærerikt, og brygger du sjølv kan du lage kva du måtte ynskje med eksperimentering og nye smakar.
Eg tilbyr og ølsmaking og foodpairing (sjå: http://olkultur.no/olsmaking.html ). Eg planlegg eventet og tek med alt som er nødvendig for eit nydeleg ølarrangement, det vere seg forskjellige typar øl, snacks – som ost eller sjokolade avhengig av kva slags tema du vel. Her får dokke lære mykje om handverksøl, råstoffa, bryggemetodar og historia.
Ta kontakt via nettsida olkultur.no
Telefon: 48186167, Daniel Wiegand
Velkomen!