Ytstevasshornet 1330 moh

Velledalen

Når du kjem opp på Ytstevasshornet vil du få ei spektakulær utsikt over Sunnmørsalpane, fjorden og øyane ute i havgapet. Dette er ein ganske krevjande tur og det tek om lag 3-4 t å gå opp.

Følg FV 60, til du kjem til Svartevatnet som ligg på grensa mellom Sykkylven og Stranda. Her finn du ein parkeringsplass på høgre side av vegen.

Når du står på parkeringsplassen, gå på høgre side av autovernet til du kjem til ein grusveg. Følg deretter vegen over ei lita bru, ta til venstre og deretter til høgre oppover. På slutten av bakken vil du kome til ei lita demning, og her fortsett stien oppover skogen langs elva på venstre side. Deretter følg du stien framover mot fjellveggen, til du kjem til ei steinur, her i frå vil du sjå stien som små trappetrinn oppover fjellet. Fortsett oppover til du kjem til eit lite vatn. Her vil du finne ein varde til venstre og ein stein til høgre, kryss elva, og fortsett deretter å gå oppover kor det er minst steinur. Frå og med her er det ingen sti å følgje. Når du kjem opp bakken, kjem du til ei steinur. Gå skrått mot venstre, etter det til høgre opp ryggen og følg den heilt opp. På toppen finn du ein stor varde, på det høgaste punktet er det ganske luftig. Enkel klatring på venstre side, og du har nådd toppen.

Referanse: fjellglede.blogspot.com