Vassætra 462 moh

Sykkylven

Dette er ein fin tur som passar for dei fleste, det er fin grusveg heilt opp. Her er eit mindre og eit større vatn som er fint å bade i på varme sommardagar. Når du kjem opp får du ei fantastisk utsikt over fjell, fjord, og øyar ut i havgapet. Denne turen tek om lag 40 min opp og kan kategoriserast som ein enkel tur.

 

 

Følg FV 60, ta av i Ullavikkrysset rett ovanfor Maxbo, ta deretter første kryss til venstre og følg vegen opp til Hjellane, der er god plass til parkering på venstre side av vegen.

Den første delen er vanleg veg om lag 200 m, då kjem du til ein bom der det står skilt Vassætra. Her gjeng det ein fin grusveg heilt opp til setra. Når du har gått dei brattaste bakkane og kjem opp på flata har du kome omtrent halvvegs, der finn du ein benk og utkikkspunkt på høgre side av vegen. Her er det fint å ta ei pause om ein ynskjer det. Denne turen kan og kombinerast med ein tur på Sandvikshornet.