Tynesfjellet 452 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Tynesfjellet vil du få ei nydeleg utsikt over Sunnmørsalpane i bakkant, fjord og øyar ute i havgapet. Det tek om lag 1-2 t. å gå opp, denne turen kan kategoriserast som ein middels tur.

 

 

 

Denne turen startar på Tynes, du følg FV 60, tek av ved krysset til Cirkel K, tek deretter til høgre og fortsett innover vegen til eit skilt som viser Tynes, du fortsett berre å køyre rett fram til du kjem til fabrikken Ekornes avd. Tynes på venstre side av vegen. Skogsvegen startar til venstre like etter passering. Der vil du sjå eit skilt som viser kvar vegen til Tynesfjellet startar.

Turen startar med skogsveg ca. 0,5 km. Deretter er det fin sti opp til toppen, den er merka med raude band heile vegen. Der er nokre plassar der er nokre bratte parti, men for dei fleste er dette overkomeleg. Når du kjem ca. halvvegs er der eit utsiktspunkt, der kan du setje deg ned å nyte utsikta og ta ein kvil. På slutten av stien kan der vere nokre parti som er litt våte, så gode sko er å anbefale. 

Referanse: Morotur.no