Stavekollen 637 moh

Ikornnes

Dette er ein flott tur både for vaksne og born, og du får ei spektakulær utsikt over Sykkylvsfjella og fjorden. Denne turen tek om lag 1,5 t og er ein middels krevjande tur.

Turen startar på toppen av byggjefeltet Grautåsen på Ikornnes, for å kome dit følg du FV 60 frå sentrum, tek til høgre når du kjem til Sykkylvsbrua, tek til venstre i rundkøyringa, for deretter å ta til høgre opp til byggjefeltet på Ikornnes, følg vegen til endes. Her er mogelegheit for parkering.

Første delen av vegen er grusveg, deretter viser det eit skilt til Kalddalsstølen der går det over til sti. Når du kjem fram til Kalddalsstølen vil du finne eit skilt som viser kvar stien byrjar vidare opp til Stavekollen, det er jamt bratt oppover til du kjem til toppen. Den oppmerka turstien viser vidare veg til utsiktspunktet.

Referanse: ut.no