Rømerhornet 866 moh

Sykkylven

Dette er ein flott tur som kan anbefalast, det er variert terreng og du får ei fantastisk utsikt over Sykkylven og andre kommunar når du kjem opp på toppen. Her er ingen luftige parti og kan kategoriserast som ein middels krevjande tur og tek omlag 1,5 - 2 t. å gå opp.

Turen startar på Aurdal. For å kome dit tek du av mot Ramstaddal, følg Dalevegen til du kjem til krysset ned mot Haugset, der tek du av og køyrer 50 m og tek av til venstre i neste kryss mot Aurdal, følg deretter vegen til endes.

Frå parkeringa går det ein skogsveg ca. 800 m, i byrjinga av granskogen startar stien, sjå etter merker i tre/vardar som viser kvar stien startar. Det kan vere litt vanskeleg å følgje stien i skogen då den er litt utydeleg. Når du har kome ut av skogen, vil du finne ein god sti som viser veg heilt opp. Stien går langs ei myr vidare gjennom bjørkeskogen og deretter følg du ryggen heilt til toppen.

Referanse: morotur.no