Revsdalshornet 1006 moh

Sykkylven

Når du kjem opp på Revsdalshornet vil du få ei fin utsikt over Sunnmørsalpane. Dette er ein krevjande tur og oppstiginga tek om lag 2,5-3,5 t.

Følg FV 60, ta av i krysset til Ramstaddal, deretter følg du skilting til Statnett, når du møter bomvegen fortsett du gjennom den innover Sunndals vegen til du kjem til Sunndals setra. Parkering langs vegen.

Du skal gå vegen oppover mot dei øvste hyttene, deretter følg du stien/traktorvegen mot høgre. Du skal over to bekkar, når du har passert den siste vil du sjå at stien til venstre vert synleg. Når du har gått eit stykke møter du eit opent område, lite skog. Her i frå er stien merka med raude pinnar i trea. Følg stien oppover fjellsida, og ved eit lite sel ser du at stien deler seg i to. Her kan du velje kva for helst sti, du kjem til det same utgangspunktet. Stien går under kraftleidningar til du kjem til ei postkasse. Gå fram og til høgre etter dette i retning Revsdalshornet. Der er sti heilt opp, men kan vere noko utydeleg nokre plassar. Det flottaste utsiktspunktet er der vardane står. Sjølve toppen ligg lenger bak, nokre hundre meter.

Referanse: fjellglede.blogspot.com