Hovdeåsen 369 moh

Hundeidvik

Hovdeåsen finn du i Hundeidvik, når du kjem opp på toppen vil du verte belønna med ei fantastisk utsikt utover fjorden og øyane ute i havgapet. Denne turen tek omlag 30-60 min og kan kategoriserast som ein enkel tur.

Frå fylkesvegen er det om lag 200 m. stigning til toppen. Du kan anten bruke den oppmerka turstien frå fylkesvegen på Myrseteide, skiltet til Hovdeåsen viser kvar stien startar, eller du kan følgje turstien frå Urkegarden på Hovden. Den førstnemnde tek ein liten time den sistnemnde ein halvtime i roleg tempo. Begge løypene er trygge og barn kan trygt gå denne turen.