Sandvikshornet 876 moh

Sykkylven

Sandvikshornet er ein flott tur som kan anbefalast, her er det først grusveg og deretter går det over til fin sti heilt opp, ingen luftige parti, men du får ei spektakulær utsikt utover Sunnmørsalpane, fjordar og øyar ute i havgapet. Denne turen tek omlag 2-3 t. opp og kan kategoriserast som ein krevjande tur.

 

Denne turen startar på Hjellane. Du følg FV 60 tek av i Ullavikkrysset ovanfor Maxbo, køyrer opp bakken og tek til venstre i neste kryss, følg vegen til du kjem til ein stor parkeringsplass på Hjellane.

Gå ca. 200 m på vanleg veg, du kjem då til ein bom, her startar vegen opp til Vassetra og vidare til Sandvikshornet. Det er fin setreveg heilt opp til Vassætra men litt bratt i byrjinga, når du har kome omtrent halvvegs finn du ein benk og utkikkspunkt på høgre side av vegen. Når du har kome opp til vatnet følg vegen til den sluttar her ligg det fleire hytter/sel, gå nedover mot enden av vatnet, då vil det gå over til sti, den følg du på høgre side innover dalen eit godt stykke. Den er godt trakka og synleg, men det kan vere våte parti nokre plassar, så gode sko er å anbefale. Når du er ferdig med det slakke partiet startar oppstiginga av fjellet, følg stien opp til venstre langs fjellsida, nokre plassar er det litt klatring. Følg ryggen opp det siste partiet.